Grunnkurs i soppkunnskap, Ørsta/Volda

Dagens fangst Foto: Wenche Eli Johansen

Praktisk info

Fra: 30.08.2022 17:30

Til: 25.09.2022 14:30

Adresse: Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norge

Forening: Nyttevekstforeninga, Ålesund

Region: Møre og Romsdal

Antall ledige plasser: 1

Pris fra: 700 kr

Ledere

Per Magnus Finnanger Sandsmark

90812196

per.mfs@gmail.com

Arrangementet er stengt for påmelding

Lær deg matsoppane. Meld deg på grunnkurs i soppkunnskap i Ørsta/Volda.

Grunnkurset i sopp er for deg som er nybyrjar eller kan nokre få soppslag frå før. Det er mykje sopp i skogane på Søre Sunnmøre, og i dette kurset lærer du å skilje gode matsoppar frå dei giftige soppane, og å kunne bruke dei til matlaging.

Kurset kostar 900 kr for deg som ikkje er medlem og 700 kr for medlemer. Viss du ønskjer å bli medlem i Norges sopp- og nyttevekstforbund, kan du melde deg inn her: http://www.soppognyttevekster.no/medlemskap/.
Dersom du er medlem så lyt du hugse å logge deg inn hos Norges sopp- og nyttevekstforbund før du skal melde deg på, slik at du får medlemspris.

Kurset består av korte innføringar i teori, praktiske øvingar der de får sjå, ta på og diskutere sopp og turar i skogen.

Møt opp i Aasentunet på første kursdag. Vi avtalar kvar dag kvar vi møtest for å sanke sopp og lære medan vi er på tur.

Samlinga går over to kveldar og ein dag:

  • Tysdag 30. august kl. 17.30-20.30
  • Torsdag 1. september kl. 17.30-20.30
  • Laurdag 3. september kl. 10.00-14.00. Flytta til søndag 25. september kl. 10.00-14.00.

På dette kurset lærer du
1. Dei vanlegaste og trygge matsoppane, som kantarellar, steinsoppar, piggsoppar, skrubbar, kremler og risker.
2. Dei farlegaste giftsoppane
3. Sanking, oppbevaring og matlaging med sopp.

Førebuing til kurset

Ta med

  • Soppkorg eller bærenett/ handlenett. Soppen må ha det luftig. Derfor plukkar vi ikkje sopp i plastposar, men i nett eller korger.
  • Liten kniv og mjuk tannbørste (eller soppkniv med børste)
  • Papirposar eller boksar til å sortere soppen i (dei må ha plass oppi nettet/ korga)
  • Noko å skrive på og med
  • Klede til å vere ute med uavhengig av vêret
  • Mat og drikke
  • Soppbok, om du har.
  • Sopp du finn i hagen, skogen og andre stader før eller mellom kurskveldane/ dagane.

Kurset er etter studieplanen 346 Sopp: Lær deg matsoppene. Grunnkurs i soppkunnskap i Studieforbundet natur og miljø.