Sopp- og nyttevekstkveld i Aasentunet

Praktisk info
Dato: 20.03.23
Tidspunkt: 19:30 - 20:30
Adresse: Aasentunet, Indrehovdevegen, Hovdebygda, Norge
Forening: Nyttevekstforeninga, Ålesund
Region: Møre og Romsdal
Pris fra: Gratis
Ledere
Elisabeth Bråten Fjeld
Arrangementet er stengt for påmelding
Velkomen til sopp- og nyttevekstkveld i Aasentunet.
Har du lyst til å lære meir om sopp og nyttevekster? Vil du verte kjend med andre med same interesse? Kanskje er du medlem i Nyttevekstforeninga? Kanskje har du vore på eit kurs eller eit arrangement før?
Mange deltok på aktivitetar i haust, og fleire er nysgjerrige på sopp- og nyttevekstar på Søre Sunnmøre. Denne kvelden får du
- høve til å kome med innspel til aktivitetar (turar, kurs og anna) foreininga kan ha på Søre Sunnmøre
- sjå på mange ulike soppbøker, nyttevekstbøker og kokebøker
- høve til å smake litt på fangsten frå året som gjekk
Om du har lyst til å bidra med ein sopprett eller ei kaffikanne kan du gjerne melde frå før møtet. Det er sjølvsagt heilt frivillig.
Meld deg gjerne på arrangementet på førehand så veit vi litt om kor mange som kjem.
Oppmøtedetaljer
Aasentunet ligg i Indrehovdevegen 176, midt mellom Ørsta og Volda. Det er skilta med brunt attraksjonsskilt til Ivar Aasen-tunet frå E39
Det er nokre parkeringsplassar oppe i sjølve Aasentunet om du har problem med å gå opp bakken, elles er det god parkeringsplass i Indrehovdevegen (ved oppkøyringa).
Det er mogleg å ta buss til haldeplassane Åsen eller Furene, og gå til Aasentunet derifrå.