Soppkurs i Ørsta/Volda: Kurs for utdanning av soppkontrollørar

soppkontroll-placeholder

Praktisk info

Fra: 29.02.2024

Til: 27.10.2024

Adresse: Ørstahallen, Holmegata, Ørsta, Norge

Forening: Nyttevekstforeninga, Ålesund

Region: Møre og Romsdal

Antall ledige plasser: 7

Pris fra: 2000 kr

Ledere

Per Magnus Finnanger Sandsmark

90812196

per.mfs@gmail.com

Arrangementet er stengt for påmelding

Vil du lære alle dei vanlegaste mat- og giftsoppene? Bli med på kurs!

Hovudmålet er å lære alle artene, gruppene og slektene som er på pensum til prøva for soppkontrollørar. Du kan gå opp til prøva eitt år etter fullført kurs, og dei som står kan bli soppkontrollørar. Alle har nytte av kurset og du får uansett høve til å bli tryggare i soppskogen.

På kurset lærer du

  • matsopp og bruk av desse
  • giftsopp, soppgift og konsekvensar av å ete giftsopp
  • alle artar, grupper og slekter (ca. 150 artar) på pensum, og å skilde dei frå kvarandre

Kursavgifta inkluderer

  • kvelds- og dagsturar i skogen, nokre teorikveldar på våren
  • tilgang på nettkurset i teori for soppsakkyndige, inkludert Zoom-førelesingar direkte og i opptak
  • kompendium (soppbok) for utdanning av soppsakkyndige

Kurset blir arrangert i samarbeid med Studieforbundet Natur & Miljø, og gjennomført etter studieplanen for utdanning av soppsakkyndige.

Kursavgifta er 3 000 kr. Viss du loggar deg inn som medlem så er prisen 2 000 kr. Medlemskap kostar 500 kr. Du kan melde deg inn her.

Vi har rabatt for studentar (kursavgifta er 1 000 kr/ 500 kr for medlem). De kan ta kontakt med kursleiar for å avtale påmelding og betaling: per.mfs@gmail.com/ 90 81 21 96.

Tidsplan for kurset er førebels slik, men avtalast mellom kursdeltakarane etter at kurset har byrja. Meld gjerne frå til kursleiar viss du ønskjer å endre datoane.

Kurset er samla sett på ca. 30 timar.

8. februar kl. 17.00 i Ørsta (ca. to skuletimar)
25. april kl. 17.00 i Ørsta
6. juni kl. 17.00 i Ørsta

Det blir to-tre dagsturar i helg (a. 7 timar) og to-tre kveldsturar (a. 3 timar) i august/september. Datoar blir avtalt i vår.

Alle får også høve til delta i førebuing (sanking og å sette opp utstilling) til ein soppkontroll/ ei utstilling som del av opplæringa (ca. 1 time)