Soppkurs: Påbygging (Ørsta/Volda)

Praktisk info
Fra: 22.08.2023 17:00
Til: 09.09.2023 17:00
Adresse: Ørsta, Norge
Forening: Nyttevekstforeninga, Ålesund
Region: Møre og Romsdal
Antall ledige plasser: 4
Pris fra: 800 kr
Ledere
Arrangementet er stengt for påmelding
Dette er kurset for deg som har plukka sopp før, men vil lære meir!
Plukkar du kantarell, piggsopp og steinsopp, men har lyst til å lære fleire artar? Då er dette kurset for deg. Kurset passar for dykk som har gjennomført grunnkurs i sopp eller minikurs i sopp, men det er ikkje krav om å ha tatt soppkurs før, og det er enkelt å tilpasse seg ulike kunnskapsnivå undervegs. Kurset passar også for dei som har planer om å ta Kurs for utdanning av soppsakkyndige seinare.
Det er medlemsrabatt på kursavgifta. Hugs å logge deg inn på sida for å få medlemsrabatt. Du kan melde deg inn her.
Kurssamlingar
Kurset vert halde i Ørsta og Volda. Vi kjem attende til stad for kvar samling nærmare kursstart.
Tysdag 22. august kl. 17.00-21.00
Torsdag 24. august kl. 17.00-21.00
Laurdag 9. september kl. 10.00-17.00
Det er i tillegg ein stor fordel å møte opp på soppkontrollar utanfor hovudinngangen til Alti i Ørsta (ved Bunnpris) måndagar i soppsesongen.
Hugseliste
- Soppkorg eller bærenett/ handlenett. Soppen må ha det luftig. Derfor plukkar vi ikkje sopp i plastposar, men i nett eller korger.
- Liten kniv og mjuk tannbørste (eller soppkniv med børste)
- Papirposar eller boksar til å sortere soppen i (dei må ha plass oppi nettet/ korga)
- Noko å skrive på og med
- Klede til å vere ute med uavhengig av vêret
- Mat og drikke
- Sopp du finn i hagen, skogen og andre stader før eller mellom kurskveldane/ dagane.
- Soppbøker
Kursinnhald
Vi er så mykje ute i skogen som mogleg under kurset, og kurset varierer mellom demonstrasjon, bestemmelsesøvingar og at vi rett og slett går på sopptur.
Under kurset lærar du dei vanlegaste mat- og giftsoppane i vårt område, og får grundig kjennskap til dei viktigaste slektene av storsoppar og nøkkelkarakterar for fleire familiar og slekter.
Dette er eit kurs som blir arrangert i tråd med Lov om voksenopplæring og retningslinjene til Studieforbundet natur og miljø. Vi nyttar studieplanen 101 Sopp: Påbyggingskurs i soppkunnskap.
Anbefalte soppbøker
Til dette kurset anbefaler vi å ha ei godt oppdatert soppbok med fleire artar.
Kjøp gjerne kompendiet for soppsakkyndige.
Ei anna aktuell bok er Soppboka av Gro Gulden og Per Marstad.