Foto: Wenche Eli Johansen

Lær om sopp i Ørsta og Volda i haust

I år er det nye tilbod for soppsankarar på Søre Sunnmøre. Det er soppkontroll kvar søndag og ekstra gratis soppkurs 24.9.2022 og ekstra soppdag i Aasentunet 24.9.2022.

Det er mykje sopp i Ørsta og Volda. Du kan finne sopp både i skogen og i hagen din. Sopp- og nyttevekstforeiningane i Noreg ønskjer å gjere det enklare for deg å bruke naturen i ditt nærmiljø. Gjennom turar, kurs og kontrollar lærer vi bort artskunnskap og gir tips til god og trygg matlaging.

På våre sopparrangement stiller vi med sertifisert soppkontrollør, som har utdanning og eksamen i soppkunnskap.

Soppens dag i Aasentunet: Gratis kontroll og sopputstilling
4.9.2022

Frå kl. 12.00 til 15.00 kan du sjå sopputstilling og få kontrollert sopp på utescena i Aasentunet. Dette arrangementet har vi kvart år.

Minisoppkurs laurdag 24.9.2022: Lær sopp på tur i Aasentunet kl. 10.00-14.00

Lær litt nytt om sopp, soppsanking, bruk av sopp til mat og soppartar på dette gratis minikurset i Aasentunet.

For deg som reiser kollektivt: Det går buss 9.40 frå Volda rutebilstasjon til Åsen kl. 09.42. Følg Indrehovdevegen og gå opp i Aasentunet.

Frå Ørsta går det 09.20, og er framme 09.26.

Ta med korg eller papirpose eller bærenett, fruktkorger eller papirposer til å halde sopp frå kvarandre, ein kniv, gjerne ein rein tannbørste (eller kniv med børste) og kle til veret. Ta også med mat og drikke.

Sopptur med kontroll i Aasentunet 24.9.2022 kl. 10.00-14.00

Saman med Friluftsforeninga inviterer me til sopptur med kontroll i Aasentunet 24.9. kl. 10.00-14.00. Kom innom når som helst i løpet av denne tida.

 

Gratis soppkontrollar ved Høgskulen i Volda alle søndagar i september kl. 15.30-17.00
4.9., 11.9., 18.9. og 25.9.2022

Ta med soppfangsten din. Ein sertifisert soppkontrollør går gjennom soppen. Ofte har vi også utstilling av både mat- og giftsoppar, slik at du kan bli kjent med kva soppar som er i Ørsta og Volda.

Alle søndagar i september har vi kontroll frå 15.30 til 17.00 på utsida av hovudinngangen på Høgskulen i Volda (Berte Kanutte-huset). Du kan køyre inn ved idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena og parkere bak denne. Kontakt oss på 90 81 21 96 om du ikkje finn fram.

Sjå også denne videoen om soppkontroll

Soppkurs
30.8.-3.9.2022
Lær deg matsoppane. Meld deg på grunnkurs i soppkunnskap i Ørsta/Volda.

Grunnkurset i sopp er for deg som er nybyrjar eller kan nokre få soppslag frå før. Det er mykje sopp i skogane på Søre Sunnmøre, og i dette kurset lærer du å skilje gode matsoppar frå dei giftige soppane, og å kunne bruke dei til matlaging.

Kurset kostar 900 kr for deg som ikkje er medlem og 700 kr for medlemer.

  • Kurset er i gang og er fullteikna

Ulik sopp funne i Ørsta i 2021.

Stand på Alti laurdag 20. august.